onsdag 24. februar 2010

never mind what anybody else done

eg er så sjuuuuuk. Og eg har selfølgelig tenkt "vil...døøø" mange gangar i løpet av veka, og det er kun onsdag. Heldigvis finst det nasespray, ibux og sånne som Martine og Sjur som gjer at eg ikkje gror heilt fast i senga eller framfor tven.

Fredag var det "omg-partynite" i Førde, og eg var selfølgelig attending. Ein skulle jo ha trudd etter timar med dansing på chatroulette, gele som smakte litt annerledes enn den ein åt i barnehagen og flasker som skulle gjere meg "sååå glad", så ville eg bli nettopp det. Sååå glad altså. Men det blei eg selfølgelig ikkje, og etter å ha "forført" stakkars gutar på dansegolvet saman med Helene og passa på ei småtrøytt Jessica i eit par timar, måtte eg kaste inn handkleet og ringe papsen som fekk mental-breakdown. Stakkars. Høgdepunktet var teit nok å snakke med puzzzzekattten(sjur) som var tydelig glad (..) for å høyre meg skryte av blåmerka mine. For akkurat det er også det som opptar mest av tida mi. Beina mine er både blå og gule og eg føler meg svært vakker.

Sjølv om denne "omg-partynite" i Førde slo litt feil for min del, så skal eg ikkje gi opp med det første. På laurdag er det "omg-partynite" i Førde/Jølster og eg er, fortsatt, selfølgelig attending. Tanken er å gå som ein sjørøvar og "skyte" alle partypoopers. Problemet er at det sikkert blir eg som sutrar halve kvelden og vil heim og sove. Menmen, er jo flott det at eg er ferdig med morodrikker før eg i det heile tatt har lov å innta det! Føler at det er litt sånn med det meste no, og det er jo litt kjedelig.

Andre ting som også er kjedelig er å jobbe. Spesielt når ein er sjuk og vil dø, som sagt. MEN! pengar er ei viktig sak når ein lev i dette samfunnet, og eg skal faen meg ikkje komme tomhandt/tomhendt(????) heim frå Barcelona. Der er eg om tre veker, og eg har tre ting planlagt i kofferten. Nye joggesko, ballerinas, ei trenchoat/lignande som eg skal ha. Heldigvis går mangelen på Sunniva på "fæææmily-tuuur" til Bergen, ikkje den vegen eg forventa. Eg såg for meg vold og slikt, men i staden vil mamma heller påspandere meg jakke og sko eg har sikla etter og virkelig trengt. Flott!

flott ja, no må eg sove innan 9 min om eg skal høyre vekkarklokka i morgon kl 7........... dør
(dør ikkje av dette. og ja, eg veit at musikken min går i det meste som blir sendt på p3, men kva faen skal eg liksom gjere då?????)


Ingen kommentarer: