torsdag 18. september 2008

Belive the hype

Grunnen til at eg ikkje har blogga på lenge, denna gangen, er at dei siste to vekene har inneholdt altfor lite tid og altfor mykje sjukdom.
Dessutan har eg hatt bursdag! Vel å merke, en ganske crappy bursdag, i og med eg var for sjuk til å reise på fest i Viksdalen, men det skal gjentakast! Eg fikk i allefall gjort nåke eg har hatt lyst til å fleire år, å køyre bil! Eg vil egentlig sei at det gikk ganske fint, og pappa sa det samme. Man må jo stole på pappan sin!

Eg har "endelig" fått merke kor hardt det er på VGS. Det er faktisk prøve(r) kvar veke, og man får nye lekser heile tida. Ikkje at eg har vore så altfor flink til å gjere leksene, dessverre. Eg må virkelig skjerpe meg dersom eg skal gå samme linja neste år..
Har og funne ut kor flott skulen vår er, for på onsdag var vi oppe på Mo VGS, og der var det ikkje like fint. Men det har jo selfølgelig nåke med at skulen vår er så ny. Eg er i allefall veldig fornøyd!

Høsten har endelig komt for fullt her i Førde! Og eg syns det er supert. Då kan eg hive på med tjukke gensarar, huer, hanska og skjerf. Ikkje minst dei svarte nye støvlettane mine med kilehel!
Eg er kjempelei av fint vær, der det er sol men ikkje varmt nok til å gå i t-skjorte.

Ka syns du er best? Vinter, vår, sommar eller høst?

4 kommentarer:

Anonym sa...

Du er så flink til å skrive Sunniva :-D
eg lika definitift sommeren best <3

Sunniva sa...

Tss, det er eg i allefall ikkje :)
Cool!

Malene sa...

jo, det er du !

Eg lika vinteren, fordi da er det snø, og jul <3 elska jul : p hehe

Sunniva sa...

Tss :)
Aw, det er jo koslig med jul og sånn da, men eg syns det er så altfor kaldt!