onsdag 24. juni 2009

there is beauty in the breakdown




Cassie Ainsworth / Hannah Murray
ok, gi meg ein fin kjole, ballerinas, ei flaske sjampis og ein sigarett! åååå.
Kvifor er det ingen som ser på Skins?

tirsdag 23. juni 2009

2+2=5

det har eg lært på Coop extra, men det viser seg at dei ikkje har lært det på Ica Maxi, HA!

neineienenieneineeineneeinein, eg har intet å fortelle anna enn at eg har ete enorme mengder nøtter, drukke enorme mengder, jobbe i enorme mengder, brukt enorme mengder, ledd i enorme mengder, blitt påført smerte i enorme mengder, tenkt i enorme mengder og vore glad i enorme mengder.

ser omtrent sånn her ut for tida:


Legg til og med eit passande soundtrack til bildet, WOHO.

I'm sexy, I'm cute! I'm popular to boot!
I'm bitchin', great hair! The boys all love to stare!
I'm wanted, I'm hot! I'm everything your not!
I'm pretty, I'm cool! I dominate this school!

Who am I? Just guess! Guys wanna touch my chest!

I'm rockin'! I smile! And many think I'm vile.
I'm flyin', I jump! You can look but don't you hump! Whoo!
I'm major, I roar! I swear I'm not a whore!

We cheer and we lead! We act like we're on speed!
Don't hate ate us cause we're beautiful well we don't like u either!
We're cheerleaders! We are cheerleaders! ROLL CALL!


PEACE! også snakkast vi på kuup.

lørdag 20. juni 2009

i am he as you are he as you are me and we are all together

Across the Universe er den finaste musikalen eg har sett, ååh.
HØYR



fredag 19. juni 2009

chloe sevigny


akkurat no trur eg ikkje at ting kan bli stort bedre. eg har sommarfuglar i magen og om så ikkje altfor lenge skal eg ete brownies, farge hår og fnise med to fine jenter.

the longer i wait the harder i'm gonna fall

ååå, du veit.

torsdag 18. juni 2009

rrrrregn

Når du står opp og ser at himmelen ser sånn ut
og vinduet ditt ser sånn ut

kan du ikkje gjere nåke anna enn å skru på The Verve - Bittersweet Symphony
og smile av tanken på at det er 3 timar til du skal på jobb
og at du har god tid til å kose deg med ei fin bok
og fin musikk

no skal eg få i meg litt mat og haste avstad til jobb.
Eg veit forresten ikkje om eg skal ut eller ei i kveld, så fortell meg kva eg skal gjere.

i lost my choos

OOH MY GOD! JIMMY CHOO OG H&M!!!!!!!!!!!!!
les HER. gler eg meg? tjaaajooooo..... JA

onsdag 17. juni 2009

stop playing with my delirium



trur ikkje eg har hatt så lyst å vere 20 sidan .. vel, sidan Bloc Party spelte før i år.

kiss me properly and pull me apart

har eg hatt så masse å finne på for tida at eg rett og slett ikkje har hatt tid til å blogge? Nei, men eg har ..

vore med to fine jenter
Sett Jeux d'enfants
endelig kjøpt espadrillos

mandag 15. juni 2009

typisk meg? tjaaa

Aktivitet når du kjedar deg:
kutt opp eit heilt eple og dytt det ned i ei flaske, prøv så å få bitane opp att.

LYKKE TIL!

The Stone Roses - I wanna be adored

i feel on top of the world

vel, det er sommarferie og eg føler at det er greit å køyre stil med eit skikkelig, SKIKKELIG overfladisk innlegg. Eg har nettopp høyrt Pussycat Dolls - Top of the world (ja, faktisk)x antall gangar no og eg har så sjukt lyst til å sjå the City at det faktisk gjer vondt i magen min. Nei, eg har ikkje blitt gal - det er berre det at sangen minnar meg sånn om the City.

KVIFOR?






bortsett frå fantastiske leiligheter, fantastiske jobbar, fantastiske sko, fantastiske vesker, fantastisk sminke, fantastiske kle, fantastiske festar, fantastiske muligheter, fantastisk utseende og fantastiske liv generelt sett .. så har dei vel ikkje nåke anna enn det eg har.

søndag 14. juni 2009

i told you once, you're breaking into seperate parts

det er når munnen din kjennes ut som ein ørken, du stinkar sjølv om du dusja for eit par timar sidan, du kun får opp eit auge og du halveis ser opp i taket og lurer på kvar i effff du er - du kjenner at du virkelig er i live.
når du derimot ser anropslista di, du kjenner at du er usikker på om du i det heile tatt klarer å reise deg opp, du ser kva statusen din er på facebook, du høyrer "I kissed a girl" og får merkelige flashbacks, du hugsar alle som plutselig var beztizane dine og du ser dei flotte bilda du aldri kan hugse å ha tatt - du kjenner at du tok begrepet "å leve livet" litt for seriøst.

men, lat oss sjå på det positive - du er i live og har plutselig x antall friendrequests på facebook.


no skal eg sove, dusje endå ein gong og, sist men ikkje minst, sjekke om lommelegen.no har gode tips mot augebetennelse! SNEIKS

Donkeyboy - Ambitions

fredag 12. juni 2009

i just want your kiss, boy

nok ein gang er det bevist at Førde er ein flott stad å bu. Då Helene spurte meg om vi ikkje skulle rømme til Oslo for alltid, kunne eg nesten ikkje tru at eg måtte sei nei. Eg er jo nesten klar for det då. Eg har jo kjøpt meg ein FRAKK/JAKKE/KÅPE/POSE til Øyafestivalen. Ein slik vanntett ein, med tigermønster. Trur eg er litt forelska i den.

Forresten, eg trur eg har fått jernmangelanemi. How cool is that? Grunnen er enkel: eg svir på leppene. Og eg vil gå så langt at eg seier at eg, SUNNIVA, er den siste personen i verda som burde svi på leppene. Eg smører jo leppene mine inn med alt eg finn av lypsylar og lipgloss. Å sei at man er sår på leppene er søtt i og med det som oftast betyr masse masse kyssing, men å faktisk vere sår på leppene er jo ganske forferdelig.


ååååå, dette bildet er så fint.

if you cant hold on - hold on.

no er eg kvalm. Har drukke 3 koppar te i løpet av 24 timar, nåke som er meir enn eg pleier å drikke i halvåret. Også lurer eg på kva som skjer. Eg stod ikkje opp før klokka var 13:45 i dag, og no, omtrent ein time seinare, befinn eg meg fortsatt i senga. Det er ingenting å finne på, ingenting. Det er fri og det einaste eg vil er på skulen.
No skal eg dusje, og muligens grine litt sidan det er så kjekt å gjere det i dusjen, så det så. Forresten, no fekk eg ein sms, og eg elskar smsar. Og no fekk eg dårlig tid.

Arctic Monkeys - 505. ÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅå

mandag 8. juni 2009

heartbeats

drit i José González. Som så utrulig mange gangar før - er originalversjonen best.
The Knife - Heartbeats. ååååå

søndag 7. juni 2009

darling i leave and you wont come along


eg må berre anbefale ein stk fantastisk sang. Familjens remix av Lykke Li - Breaking it up. ÅÅÅÅÅÅÅ

sway

når eg la meg i går kveld klokka 3 var mobilen omtrent fullada, når eg vakna rundt 11 var den omtrent utlada. Kvifor? Fordi eg har høyrt på The Kooks i nesten 8 timar. Eg trur eg kan alle tekstane utenat no. Og ikkje minst, eg er så hekta som eg kan bli, Spotify får virkelig gjennomgå.
Anyroad, i dag har eg tjent 60 kroner på hagearbeid/løfting. Det er søren meg bra no når eg er blakk for første gang på 12 mnd. Berre 3 dagar igjen då, til lønning. Fram til det skal eg leve på vatn og brød, istedet for rundstykker og iskaffi. Det blir hardt, det veit eg.
Men no jenter og gutar(?) skal eg fortelle nåke heilt sjukt. Eg skal rydde rommet mitt!!! wwoooo. Etterpå skal eg lese engelsk også faktisk hjelpe mamma med å bake. Herregud, dette blir ein flott søndag. Visst du har lyst til å redde meg: ta meg med på Hannah montana filmen klokka 18.00 i dag. VÆRSÅCHSNILL.

The kooks - sway

lørdag 6. juni 2009

dont you let me go, let me go tonight


flickr

akkurat no har eg så hodepine at eg rett og slett ikkje veit heilt kva eg skal gjere. Eg har prøvd å sove i 2 og ein halv time, eg har drukke masse vatn, eg har tatt ibux og eg har høyrt på Coldplay. Ingenting fungerar og eg kjenner at eg får litt panikk. Det er så dumt og typisk at sånne ting skal skje på dagar som i dag. Har uansett hatt ein finfin dag med tacokveld hos B. Rart å tenke på at det er laurdag imorra. Kjenner at eg er litt usikker på sommarfest-feiringa. Eg veit at eg enten kjem til å vere tidenes festbrems, eller så kjem Lenene til å 'dra' meg med på diverse som eg kun kan angre på på søndag. Har kanskje mest lyst til nummer to, eg trenger å slutte å tenke så masse. Mest av alt vil eg at nåken skal halde rundt meg og sei at alt skal gå fint.

torsdag 4. juni 2009

take my hand tonight and i think we'll be alright, boy

no kjenner eg at eg begynner å bli frisk igjen og det må feirast med mine yndlingsbilder på flickr. Altså yndlingsbilder for dagen i dag, dei endrar seg jo heile tida.









eg har fått ein skikkelig jentete musikksmak den siste veka, og eg har trua på at det kjem til å bli ein søt sommar.
Kate Nash - Nicest thing
Lykke Li - I'm good, I'm gone
Lykke Li - Tonight
Lily Allen - Who'd have known

eg veit det er støgt, men eg elskar sånne ting så. jaaaaaaaaaaa

1. Når er neste gang du treffer personen som tar pusten fra deg?
- eg veit ikkje, snart?
2. Kan du sove uten dyne?
- ja, i nøden.
3. Har du og bestevennen(e) dine noen tradisjoner?
- ikkje som eg kjem på no, nei.
4. Vil ditt neste kyss være en feil?
- nei
5. Tror du eks kjærester kan være venner?
- neeh
6. Hva var det første du tenkte da du våknet i dag tidlig?
- no MÅ eg vere frisk.
7. Hva plager deg mest?
- halsen min og mine paranoide tankar.
8. Noe som plager deg akkurat nå?
- kombinasjonen av Sims 3 og PC'en min.
9. Hva er din sivilstatus?
- mmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmm
10. Er du fornøyd med det?
- jaa
11. Tror du på evig kjærlighet?
- hahaha, NEI
12. Har foreldrene dine facebook/nettby?
- holy mascara, NEI
13. Når var det noen ringte deg sist?
- Igår, men eg ringte Helene kl 11.47
14. Hvor er din elskede akkurat nå?
- mine elskede, blir rett. Nei, eg veit ikkje heilt eg.
15. Ville du datet en fra en annen by?
- mmmmhm.
16. Liker du kosing?
- "nei". Ja, selfølgelig.
17. Når var sist du ville dra til en person?
- no.
18. Hva var det siste du gråt for?
- ingenting spesielt, det blei vel egentlig berre for masse for meg.
19. Har du noen gang mottatt en veldig lang unnskyldning?
- ja, det har eg.
20. Hva innså du i dag?
- at det er på tide med ein mac.
21. Navngi tre personer som fikk deg til å smile i dag?
- Berre tre? Guro, Sjur, Helene
22. Leid hånden til noen i det siste?
- siste og siste.
23. Hva gjorde du 07.45 i dag tidlig?
- satt i bilen på veg til skulen.
24. Hva skal du gjøre i morgen?
- sove, handle og bbq
25. Har du gidd noen en klem den siste uken, hvem?
- Vanessa, faktisk. Og det er TORSDAG. (hint!!!!)
26. Har du ketchup på eller oppå pommes fritsen ?
- Ved, fordi eg som oftast ikkje et den.
27. Hvor er du om en time?
- her, i senga mi.
28. Har du facebook?
- jaa
29. Har du noen gang bitch slapet noen?
- ja! kick.
30. Hva er det nærmeste du har på deg som er blått?
- bh'en.
31. Har du noen gang kysset noen i garasjen?
- ikkje i min garasje, men i ein garasje ja.
32. Bryr du deg om hva ex-en din tenker om deg?
- neeh.
33. Har du noen gang vært så sur, at du har begynt å gråte?
- om eg har, JA.
35. Mener du selv at du er en bra person?
- egentlig ikkje.


Lykke Li - Dance dance dance, mmmmmmmmmmmmmmmmmm

tirsdag 2. juni 2009

you are blowing my mind


lelove

Når klokka var kvart på ni og eg stod på skuledoen og brakk meg, fann eg ut at det var på tide å gå heim. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal forklare den følelsen eg får når eg plutselig ikkje får puste pga hosteanfalla, men det gir meg skikkelig panikk. Eg griper tak i det første eg får tak i og berre klemmer til alt eg kan. Ekkelt.
På veg ut døra møtte eg Guro som hadde kjøpt øyredobbar til meg. Dei var så fine, dei var rett og slett akkurat sånn som eg ville ha dei. Fjær.
Uansett, når eg endelig kom heim måtte eg berre kaste meg på sofaen. Trur aldri eg har vore så sliten etter å berre ha gått heim før. Etter at eg hadde sett The Football Factory og laga brownies følte eg meg plutselig skikkelig bra igjen og klarte å sovne på sofaen. Sigrid kom selfølgelig heim og vekte meg, så eg måtte legge meg i senga igjen etterpå. Vakna opp med ein kjekk ung herremann, Paulo Nutini, som sang i øyret mitt.
Bortsett frå alt det har eg høyrt om og om igjen på In Rainbows, som må vere verdas beste album, stirra ut vinduet og tegna/skrive masse rart. Det har eg gjort masse i det siste, føler meg nesten litt emo når eg sitter på badegolvet(av alle plassar) og rablar ned ting eg tenker på.
No har eg skikkelig dårlig samvittighet for at eg ikkje har øvd matte, eller i det heile tatt sett på matteboka. Trur egentlig ikkje at eg kan ta prøven imorra uansett.

Ein siste ting, er det ikkje rart at ein sang som handlar om nåke så stygt, kan vere så fin? snakkar selfølgelig om House of cards.

mandag 1. juni 2009



det burde ha vore ulovlig.

søndag 31. mai 2009

zåo mani greit deis in a røøuv. (so many great days in a row)

hei og hallo i stugo. Dersom det i det heile tatt er lovlig å skrive.
No har eg nettopp laga meg ei flott speleliste på iTunes. Vi snakkar rolig musikk som ellers ville ha gitt meg brekningar av råmantizke tekstar. Grunnen er ganske enkel; det kjennest ut som om hodet mitt skal eksplodere dersom eg høyrer på anna. I tillegg til forkjølelse hostar eg no som ein hund. Pappa sa tilogmed at han blei BEKYMRA av hosten min. Kanskje eg tilogmed skal til legen imorra? Det hadde jo vore sjempesjekt.
Kjenner at aidsen slår inn for fullt.

ELLERS kan eg jo fortelle ei strålande nyhending. Eg har tilbrakt så masse tid i sola i dag at eg innbiller meg farge på låra. Kan godt hende det berre er sololja som får "pelsen til å skinne". Ikkje veit eg. Anyroad, det var ganske så kjekt. Hadde store, om ikkje enorme, planar om å ete meg rullande feit idag og starta ganske greit med grændiz til frukost. Heile opplegget blei avbrutt då eg fekk ein SMS av Monica midt i dusjen(i tillegg til 2 telefonanrop, hallo?????????!) som rett og slett var endå meir fristande. Klokka 4 var vi begge to på veg til campingplassen der vi så fint koza oss med Marita. Og som om det ikkje var nok at vi fekk både kake, pizza og brus der - så gjekk vi søren meg på planthasjen og kjøpte is til middag. Har tilogmed vore i 2 hagar og "zola" oss i tillegg til å sett på 3 fine kattar.

Imorra skal eg vere smart og gjere matte, no prøver eg å finne ut om eg skal sove eller sjå film. god natt min skatt <<<<<4

fredag 29. mai 2009

how to fcuk helene

gjer:
ALT RART!
kast mat
kast kle
kast drikke
tull altfor masse
aldri seriøsitet
bruk 2389 kr i veka på spel
kjøp mat
kle deg kun i urban og carlingskle
ha kul klokke
BIL
surf(n'turf)
skateboard
ski
sykle
ha svæære huer med dusk
boblejakker(så lenge dei kostar ca 23484 kr)
reis på ferie
HEMSEDAL
lik musikk
spel gitar
ikkje ver stygg
perfekt hud
slanke bein
null hår(!!!!!!!!!!!) bortsett frå hodet
fine sko
belter
ingen seriøsitet, igjen
masse smsar
ring, ring ring
lik katt!
lik dyr generelt
sjå på teit tv, konstant
"skal vi sjå på tv" funkar dritbra
maaat
joggeee
treeenee


og det var vel alt! SÅ: dersom du kan svare ja på alt det her, helene iz urz! kizzez fråm suniva

its føn at skul

maybe im still
seriøst ka i helvette
du, skal eg dette ned fra stolen?
wæh, sjuuukt
han var ikkje søt, han var 2 og et halvt! okei, han var søt
åh, herregud, smærter i ryggen
just2be, helene, han er singel!!!!!!!!!!!!!!!1 21 år
fin mobil telefon, skriv inn; i løw jør phøun
ka du syns er ekkelt? Han der? han er jo drit deilig då

torsdag 28. mai 2009

boy i want to be with you all of the time, all day and all of the night


www.leloveimage.blogspot.com er jo berre fantastisk.

miumiumiumiu


1. Daisy Lowe er så fin at eg fjnerfnedfjkefmejnfjen
2. Miu Miu kjolen hennas er så fin at eg fjnerfnedfjkefmejnfjen

onsdag 27. mai 2009

det der er ikke girspaken kjiståffej

update: eg har gult hår, JAAAAAAAAAAa


Seriøst, eg blir sånn kvalmglad i halsen av Phoenix - Rally

ser ut som om eg ikkje er den einaste med god musikksmak, eheheh

BERRE SJÅ HER!!!!!!!!!!45

ellers kan eg fortelle at eg nettopp har ete opp nøtter til 20 kr, at eg nettopp har brukt 500 kr på HM, at eg nettopp har tvunge mamma til å kjøpe gul saft(kun pga eg blir så sinnsjukt frista kvar gang Malene drar opp den flaska si) og at eg høyrer på fin musikk. Klokka er snart 7, men eg har absolutt ingen planar. Har faktisk lyst til nåke ganske så sjukt. Eg har lyst til å ta på meg treningstights og JOGGE. Ikkje at det kjem til å skje då.
Istedet trur eg at eg skal lage ein avtale med søstra mi om at ho skal "dra ut hår" frå stripe-hetta mi dersom eg spør ho i matte. Altså, det er jo ein vinn-vinn situasjon? Mamma kjem til å få angstanfall og sei: "det er no ikkje rart at håret ditt dett av Sunniva!". Men det er greit altså, eg er jo vandt til akkurat den delen. Og jaaa, medan eg ventar på at håret skal bli kvitt/gult trur eg faktisk at eg skal sjå litt på Yesman(Yes man?) som eg lasta ned igår.

nei, men no må dåke koze dåke veldi mazze med å zjå på ein teit kamp på TV.
1. Hva vasker du først når du dusjer?
håret

2. Hvilken farge er det på yndlings hettegenseren din og hvorfor er det din yndling?
grå, fordi den er svææær og mjuk

3. Ville du ha kysset den siste personen du kysset igjen?
jaaa

4. Planlegger du antrekkene dine?
av og til, men veldig ofte er akkurat det eg har tenkt å gå i på vask.

5. Hvordan føler du deg akkurat NÅ?
kvalm og trøytt

6. Hva er den nærmeste røde tingen rundt deg?
dyna mi, ahah

7. Hva var den siste drømmen du hadde?
eg hugsar ikkje, men drømte i natt.

8. Møtte du noen nye i dag?
mmm, nei.

9. Hva har du lyst på akkurat nå?
ei enorm seng med maaaange puter og ei kald dyne.

10. Bruker du tanntråd?
av og til, for å gjere mamma stolt.

11. Hva tenker du på når jeg sier kål?
FÅRIGÅRS

12. Er du følsom?
i skjul

13. Har du noen gang telt til 1000?
nei, det trur eg ikkje

14. Biter du i isen, eller sleiker du den bare?
biter, for visst man sleiker så renner det jo berre.

15. Liker du håret ditt?
nei, det ser heilt aids ut.

16. Liker du deg selv?
nei, eg skjønar egentlig ikkje kvifor eg har veenerrrr.

17. Ville du ha spist middag med George W. Bush jr.?
JAAA

18. Hva hører du på akkurat nå?
pop-lyd frå FB-chat. yo

19. Har du strenge foreldre?
ja, dei piskar meg. Neida, eg trur dei er ganske så greie.

20. Vil du hoppe i fallskjerm?
er du heilt dust? NEI

21. Liker du Cottage cheese?
godt spørsmål, eg veit ikkje. Er det ikkje litt rart om ein 16-åring går på butikken og kjøper Cottage cheese?

22. Har du noen gang møtt en kjendis?
eh, kjendis og kjendis.

23. Leier du film ofte?
berre når eg er med Guro

24. Er det noe som skinner i rommet ditt?
lampa mi? rammene? stereoanlegget

25. Hvor mange land har du besøkt?
Ingen! Sverige, Danmark, Tyskland, England, Spania, Hellas, Frankrike

26. Har du noen gang tulleringt?
Ja, fysj. Eingang ringte dei tilbake om kvelden, det var nåke av det skumlaste eg har opplevd!

27. Har du tatt tog?
nei, dessverre. Ein dag skal eg finne ein ven å reise på tog-turar med.

28. Brune eller hvite egg?
Eg likar berre det gule inni, dersom det er sånn "tørt".

29. Har du mobiltelefon?
herregud ja, eg hadde nok ikkje overlevd utan.

30. Bruker du spisepinner?
eh, ja, men då blir eg ikkje spesielt mett i og med eg får 0,00007% av maten inn i munnen.

31. Eier du en pistol?
nei.. 5!!!

32. Kan du å spise med spisepinner?
eh, nei.

33. Hvem skal du være sammen med i kveld?
dyna mi, vi skal koooze ozz

34. Tilgir du for lett?
eg veit ikkje, eg tilgir egentlig ikkje, eg berre glømmer.

35. Har du noen gang vært forelsket?
mm-hmm

36. Hva skal din beste venn gjøre i morgen?
Godt spørsmål, er det teit av meg å ikkje vite det?

37. Har du noen gang spist kokosboller?
æsj, ja.

38. Når gråt du sist?
Fekk tårer i auga istad(faktisk fleire gangar i kveld, når eg tenker meg om), teller det?

39. Hva var det siste spørsmålet du stilte?
"pluss, det hadde jo gjort skikkelig vondt?"

40. Favoritt tiden på året?
Haausteeen

41. Har du noen tatoveringer?
ja! ei kirurg-kanin på armen.

42. Er du sarkastisk?
neei, aldri.

43. Har du sett "The butterfly effect"?
hahaha, ja på laurdag.

44. Har du noen gang gått inni en vegg?
fysj, ja.

45. Hva er favoritt fargen din?
Lilla, svart, marineblå, kvit, grå.

46. Har du noen gang slått noen?
jaa.

47. Har du krøllete hår?
etter at eg har dusja, vore i saltvatn, ikkje har børsta meg osv - JA.

48. Hva var den siste CDen du kjøpte?
Trur det var Røyksopp sitt siste album.

49. Har utseende noe å si?
ja?

50. Kunne du tilgitt en som var utro?
godt spørsmål, sikkert ikkje.

51. Har du skyhøye telefonregninger?
eh.. no for tida.

52. Liker du livet ditt nå?
ja, eg er berre har det med å overreagere på det negative.

53. Sover du med TVen på?
haha, nei.

54. Takler du sannheten?
som oftast, ja.

55. Har du en fremtidsplan?
teller sommarferien?

56. Hater du eller misliker du mer enn 3 personer?
probably, mange fleire.

57. Hvor ofte snakker du i telefonen?
no i det siste, ALT FOR OFTE.

58. Hvilken person holdt du hender med sist?
ein fin ein

59. Hva har du på deg?
ei flott rosa nattbukse og ei endå flottare t-skjorte med ein mann på.

60. Hva er favoritt dyret ditt?
gjett EIN gang? KATT

61. Hvor er profilbildet ditt tatt?
på stova, troor æ

62. Kan du å rocke med rockering?
gjelder 2 sekund?

63. Har du jobb?
Jeg er litt usikker

64. Hva var det siste du kjøpte?
ein iskaffi + 1L melk.

65. Har du noen gang krabbet gjennom et vindu?
JA? men eg likar det ikkje.

tirsdag 26. mai 2009



er det rart at eg får tårer i auga kvar einaste gang eg ser dette?

it gives me thrills to wind you up






flicr

f-f-fun

"leik" frå Snusk fx.

torsdag 21. mai 2009

fatima

kom nettopp heim frå konfirmasjon og no setter eg meg straks i bilen og køyrer mot Balestrand. I baggen(greit, baggane) ligger det SATC, Prison Break, bøker og joggebukser. Med andre ord har eg planar om å slappe heilt av og sjå på tv til eg spyr. Blir fint!
Gler meg mest til laurdag, for då kjem eg heim og kan vere med ein fin ein igjen.

skyt ein elg, god helg!

tirsdag 19. mai 2009

I wish you couldnt figure me out

btw: kulaste bloggen i universet for tida MÅ jo berre vere Hildgrass and Stonefrid?
og ja, høyr Kate Nash - Nicest thing

mandag 18. mai 2009

HA:AAALAHBHA

no, it is so hot that I consider taking me by the cardigans. And it happens rarely, very rarely. I hate that it will be the sun all the time, eg frustrated me simply over it. It is too hot, Russ will certainly be so dumb, you get the sun in the eye, get headaches, you must go in the little dress, the smell of grass, the smell / have lukta Gylling, it should be out, everyone else is out, it is a lot to do as usual, it is difficult to breathe, shit Hungarians everywhere and soon will just "do we swim?" smsane. Da, Da smeller it. When should I buy all the seasons of Seinfeld and be locked up in the living room until it pøsar down again.

YES, I'm in a bad mood. NO, we were not in English writing. YES, it is the Norwegian submission. Yes, I will be on the job imorra. YES, there is a gym imorra. NO, it had not great for science examination.
One day I will hire the 200 men / women who will do anything for me. We speak to wash my hair, brush my hair, my makeup, dress for me, wake me, clean for me, take the phone for me, open the door, do ALT skule work for me, eat me, drink for me.

Yes, I like "," and "." today. Actually, always, when I think about me.

eg ler OG så eg griner. I morra har eg sikkert 8-pack! støgt. Sjekk ut på Guro sin blogg og, jesus og allah

g

Ting som får meg til å tenke på G(uro):
Jimmy eat world
hot hot heat
simple plan
panic! at the disco
queens of the stoneage
mat
sjokolade + chips i munnen på ein gang(NAM!)
ekstreme sms'ar
latterkramper
overnattingar der man kun sover litt
rart godteri
pepsi
bloc party
american pie filmar
søte kort
fine bilder
eksamen
vaniljelys
hundar
kalinka
soleide
festplassen
hårfarge
rødt/brunt hår
blogging
bestemødre
folk på cafe
viebøen/usa
rema 1000 vie
konfimarasjon
bunad
dinosaurhår
ullvangsokkar
oasis
london
synstest
ibux
norwegian wood
trikk
dolly på torgallmenningen i Bergen
Gina tricot
h&m
band of horses
sandane
firda billag
tøysko
wayfarers
lindbøen
jordbær
siesta

og ca alt anna. Eg hadde berre lyst å skrive ei liste!

søndag 17. mai 2009

mmmmmmai

fantastisk 16 mai, grei 17 mai.
Idag blei det dessverre null is, men ein stk fantastisk kveld med 5 av dei finaste jentene i verda. No skal eg sovne med eit smil om munnen og med Band of Horses på øyra. Eg har trua på at dette kjem til å bli ein finfin sommar. Har ikkje du?

torsdag 14. mai 2009

du veit den følelsen du har når du er så forelska at du ikkje klarer å fokusere, og berre smiler og ler heile tida? Vel, den får eg når eg ser ned på kalendaren og ser at eg ikkje har ei einaste prøve før 28 mai. TAKK

...,.,..,.,.,.

no er det så varmt at eg VURDERAR å ta av meg cardiganen. Og det skjer sjelden, veldig sjelden. Eg hatar at det skal vere sol heile tida, eg frustrerar meg rett og slett over det. Det er altfor varmt, russen skal absolutt vere så teit, man får sola i auga, får hodepine, må gå i lite kle, det luktar gras, det luktar/ har lukta gylling, man bør vere ute, alle andre er ute, det er masse å gjere som vanlig, det er vanskelig å puste, drittungar overalt og snart kjem vel "skal vi bade?"-smsane. DÅ, DÅ smeller det. Då skal eg kjøpe absolutt alle sesongane av Seinfeld og vere innelåst på stova fram til det pøsar ned igjen.

JA, eg er i dårlig humør. NEI, vi kom ikkje opp i engelsk skriftlig. JA, det er norskinnlevering. JA, eg skal på jobb imorra. JA, det er gym imorra. NEI, det gjekk ikkje supert på naturfagprøva.
Ein dag skal eg hyre inn 200 menn/kvinner som skal gjere alt for meg. Vi snakkar vaske håret mitt, børste håret mitt, sminke meg, kle på meg, vekke meg, rydde for meg, ta telefonane for meg, opne døra, gjere ALT skulearbeid for meg, ete for meg, drikke for meg.

JA, eg likar "," og "." idag. Egentlig alltid, når eg tenker meg om.


avsluttar med eit fint bilde av George.

onsdag 13. mai 2009

eg elskar bensin

Eg har rosinfingrar og har høyrt på tidenes beste Drillpikene-podcast(med musikk). Vi snakkar Radiohead, Lily Allen, Rolling Stones, Beyonce, Eminem, Eva & the heartmaker. Vel, nåke av det var då bra.
No skal eg be til Gud, Allah, Messias, Josef, Obama og alle andre om at eg kjem opp i engelsk skriftlig. Forresten så syns eg du skal be med meg.




forsatt like fine

tirsdag 12. mai 2009

be my baby, one more time

Idag har eg drukke 1L(!!!!!!!!!!!) iste med limesmak. Eg har sove ganske lenge, høyrt på finfin musikk og tenkt på fine ting/personar. Ikkje berre det, eg har drukke slush, laga vafler, vore på kino OG lest naturfag i timesvis.

sida det var sminkefri-dag på skulen idag, tenkte eg at eg skulle legge ut eit FLOTT bilde av Guro og eg. Vi var så vakre og vene, minn meg på å legge ut fleire sånne flatterande bilder.



note to self: takke Sjur for DIZ ZÅNG.

søndag 10. mai 2009

bhabhjxna




Istad, når eg egentlig skulle lese til samfunnsfagprøva, tok eg meg tid til å slette div e-postar frå mobilen. "Smart" tenker du nok no, men det var det i allefall ikkje. For i samme slengen bestemte eg meg for å "mikse" all musikken på mobilen min. Endte opp med å høyre Belle and Sebastian - Funny little frog OM og om igjen, og som om ikkje det var gale nok, så klarte eg heller ikkje å slutte å synge på den.

I don't dare to touch your hand
I don't dare to think of you
in a physical way
and I don't know how you smell
you are the cover of my magazine
you're my fashion tip, a living museum
I'd pay to visit you on rainy Sundays
and maybe tell you all about it, someday.

lørdag 9. mai 2009


I see you need me
I know you do


glasvegas - geraldine

onsdag 6. mai 2009

ttthheee ppaarrtttyy

Når eg kom heim frå skulen i dag var det ein skummel mann i stova vår. Han var der selfølgelig berre for å innstallere ovnen vår, men no til dags veit ein jo ikkje kva dei kan finne på, så eg tok saka i eigne hender og bega meg ut på ein tur. Først gjekk eg til sjukehuset der eg hadde tenkt å ta ut litt pengar. Det var lettare tenkt enn gjort, for når eg kom bort der var det seriøst så masse folk at eg ikkje turte å gå inn. Merkelig. Etterpå bestemte eg meg for å gå på Vie og bruke minst 20 minutt på å kjøpe nåke, men eg brukte berre 5, der var det nemlig INGEN. Følte meg lite kul der eg traska rundt mellom hyllene og såg desperat etter nåke å kjøpe. Endte opp med madagaskargryte til 35 kr(DYRTTT!T!T!T!). Så sprang eg lystig heim igjen i håp om å endelig få vere litt aleine, men den gang ei. Han var her fortsatt, så eg lista meg opp på rommet. Har kun vore nede ein gang etter at eg kom, så eg veit ikkje eingang om han fortsatt er her. Tør ikkje sjekke. No skal eg smile litt med tanke på at mattetentamen er over, før eg søv i 2 timar +++++.
Eg skal forresten høre denna eit par gangar først.
GODNATT!

mandag 4. mai 2009

I want a boy who's so drunk he doesn't talk

neida. Men høyr Bright Eyes - Lover I don't have to love.

Frå og med i dag begynner mattehelvetet, også kalla mattetentamen-førebuing. Eg likar det svært lite, men eg skal gjere mitt beste, som alltid. Klokka 17.00 idag skal pcen ligge på golvet og der skal den ligge til klokka blir minst 21.00 i kveld. Det same skal skje tirsdag, men onsdag skal eg sitte klistra igjen. Då er det nemlig norskinnlevering som gjeld, dvs at eg må skrive to tekstar på ein kveld. Skyt meg!

søndag 3. mai 2009

null nada

eg har egentlig ingenting å blogge om for tida, men eg kan jo alltids fortelle at eg gler meg meir og meir til Øya for kvar dag som går. Spesielt i dag, for no fann eg ut at Glasvegas var over middels bra. Og ja, høyr Bait av The Little hands of Asphalt og.
Ellers kan eg jo sei at eg leser bloggen til Noel Gallagher som aldri før, han er utrulig flink.

Forresten, krefthåret er no blitt endå verre, om det er mulig. Eg syns jo det er over middels flott, då.

this is for lovers




For min del er denna sangen den einaste grunnen eg trenger for å gifte meg med Pete Doherty.