tirsdag 28. april 2009

mandag 27. april 2009

søndag 26. april 2009

blablablabla

You want me?
Fucking come on and break the door down
I'm ready


det har vore ei lang og slitsom, men utrulig fin helg. Det er nesten så eg gledar meg til å begynne på skulen igjen, trur veka skal gå fort. Mandag blir det til optikaren igjen, tirsdag er det førebuing til engelsk-tentamen, onsdag er det engelsktentamen, torsdag er det skule, lege, jobb og ut, fredag er det fri og Elin, Nath + Martin kjem heim. Herregud som eg gler meg.
No skal eg prøve å hoste vekk siste rest av "stemmefeilane" mine, eg vakna nemlig opp idag utan stemme, før eg og Guro skal sjå enten Lovlig Blond eller SATC.
Eg gler meg til å sove i kveld, for eg er så utrulig trøtt.

Electable




torsdag 23. april 2009

You look so tiredunhappy,



men det gjer ikkje eg! Eg er så glad, alt er berre supert for tida. Samme sekundet som spanskprøven var over, fekk eg sms om at billettar til Øya var i boks. Eg gledar meg vilt, og eg har nesten begynt å planlegge ka eg skal gå i tilogmed, hahaha.
No skal eg legge meg, lese litt i C! og høyre fantastisk musikk. Kjøpte "Junior" av Røyksopp istad, og no gledar eg meg til å høyre. Vurderar nesten å høyre på discman, kun fordi det gir ei koslig stemning.

onsdag 22. april 2009




I wish it was the sixties
I wish I could be happy
I wish, I wish, I wish that something would happen.

tirsdag 21. april 2009

Mew

am I wry? no
eg hadde glømt kor fin den var, og no vil eg berre danse!

dadadada-dadada

Fantastisk kjedelig dag. Dagens høgdepunkt var nok då eg fekk ta ein evigvarande dusj og høyre på musikk. Det var ganske så kjekt etterpå og, når eg såg at krefthåret mitt var verre enn nåken gang. Har litt(les: egentlig ikkje) lyst på frisørtime på lørdag, men eg veit ikkje heilt endå. Eg burde virkelig gjere nåke med det, men eg er sikker på at dei enten skinnar meg eller klipper meg kjempestygt. Må bleike det, men då får eg berre endå meir krefthår, det er ein ond sirkel.
Og ja, mamma har endelig bestilt synstest på fredag. Eg tippar at eg har minus 4738 no, men det går heilt greit for meg det. Må få meg linser, eg trenger det virkelig. Det er mildt sagt flaut å drive å stirre ubevisst på alle heile tida.

No tenker eg at eg skal prøve å innta litt føde, altså mat, men eg er usikker på korleis det kjem til å gå. Detta er vel dag 5 eller 6 med konstant kvalme. Etter maten skal eg selfølgelig sjå frustrerte fruer, også skal eg nok legge meg. Har litt lyst å lese ei bok, og så finne ein person å snakke om den med. Eg eelskar å diskutere bøker, men det virkar som om ingen leser lengre.

Eg har lært eit nytt spansk ord. Vino = vin.
(hahaha, no la eg merke til at eg høyrer på The New Wine på Spotify! Tilfeldighet? Neppe)

søndag 19. april 2009

livet er herlig





I dag har eg sove lenge og eg har gått rundt i pysjamas til klokka vart både 2 og 3. Eg har høyrt på pop i fleire timar, og eg har sunge med sjølv om eg ikkje har ein anelse på ka teksten er. Eg har blitt kvalm av saft med isbitar og godterihjerter.
Greit, livet er kanskje ikkje så herlig. Men sola skinner, og eg har ikkje litt skyldfølelse for å sitte inne eingang, for eg flassar nemlig i panna. Og eit godt bevis på at man har vore ute i sola, jo det er flass(æsj, for eit ord). No høyrer eg på Røyksopp - Happy up here, og smiler fortsatt av tanken på Tazte Priv.

Klokka halv 9 skal eg og Guro på kino, The boat that rocked, og eg gler meg. Skal straks ta meg eit bad og høyre på Radiohead. Det finst ikkje nåke meir avslappande enn å gå på kino søndagskveld, og det er den beste avslutninga man kan tenke seg. Då kan man lett gjere ingenting dagen lang. Uansett kor kjekk kvelden kan vere, så har eg jo for lengst funne ut at søndagen er den verste dagen i veka, så eg har bestemt at neste søndag skal eg ikkje tilbringe aleine! Ikkje søren. Ingenting er kjedeligare enn å vakne opp aleine ein søndag og tenke: ka skal eg gjere idag? Det er nesten like kjedelig som å våkne opp dagen derpå og lure på ka man har gjort kvelden før. Derfor elskar eg når Guro blir med meg heim etterpå.

ssssssssssss

allah, jesus og moses. Eg har glømt å fortelle om vekas høgdepunkt. Eller nei, ÅRETS høgdepunkt. Min store kjærleik, Stian Grimset, smilte til MEG på fredag. Eg trudde eg skulle døy. Eg ringte selfølgelig mamma på flekken og fortalte om hendinga. Ho lo, og syns heile greia var flott. Det syns eg og.
.. og ja, eg smilte sjølvsagt tilbake!
(no tenker eg at Monica er misunnelig.)


edit: når eg tenker meg om, så syns kanskje ikkje mamma det var så flott. For eg skal jo tross alt gifte meg med.. ka heitte han igjen Monica? Han i Angedalen i allefall, med bondegård og greier.

knives out

eg har vore kvalm tre dagar på rad no, og å sjå på desse bilda her gjorde meg ikkje mindre kvalm for å sei det sånn. Det gjorde heller at eg savna å ete eplerrr dag og natt, men no er eg for kvalm til det og. Tenk deg korleis det er å sitte 6 timar på ein matbutikk.

lørdag 18. april 2009

hadde aldri trudd eg skulle sei det, men ..



denna sangen gir meg frysningar frå topp til tå. Og denna minnar meg så vilt om sommar, sol og evigvarande køyreturar. Eg har aldri tatt så mange bilder i løpet av ein så liten periode. Når eg no ser på bilda, så får eg skikkelig abstinens etter å ta eit bilde, og kjenne at eg er fornøgd med det. Sist gang eg brukte speilreflekskameraet mitt var vel for eit par veker sida, hos Guro. Då blir det meir "åh, duh, tah eth bihlde avh megh i badehkarhret, ihhihih!!"-bilder.
Denna får meg til å tenke, herregud som eg kjem til å få frysningar, dersom eg ser dei live i sommar.

Forresten, eg har begynt å få litt panikk når eg ser på kalenderen, og ser at tida til Guro reiser kjem nærmare og nærmare. Det er akkurat som om tida plutselig stoppar opp og eg ikkje får puste. Eg har ingen anelse om ka eg skal gjere uten ho.
All den musikken eg har begynt å høyre på gjer alt verre.

Eit særdeles sært innlegg

Ja, det er akkurat det eg vil kalle det, nemlig. Helene ville nok ha kalla det funky, og Linn alternativt. Men det får stå til, for eg syns det er SÆRDELES SÆRT!

For å komme til poenget, eg kom nettopp pågrunnen til at eg har så merkelige smerter i armane og magen/ribbebeina! Vi hadde jo gym i dag! Vil sei meg ganske fornøgd med dagens prestasjon, eg såg i allefall ikkje ut som en hemmis som fekk epleptisk anfall (..). Det var fint etterpå, for då var plutselig den klumpen i magen borte vekk! Då var på en måte det verste med dagen over.. trudde eg! I midtfri kom eg nemlig på at vi hadde spansk i dag. Og eg som er så "heldig" og sitter med Jonas, var jo ikkje så altfor gira på akkurat det. MEN! sidan vi begge bestemte oss for å vere positive, så gjekk det fint. Han fortalte om sin tårevåte hendelse i går, og eg fekk snakke dritt om alle joggebukse-brukarar. Inkludert han sjølv, selfølgelig.

Og ja, må fortelle om min nye tvangstanke. Eg SKAL bli avhengig av iskaffi. Grunnen er at vanlig, varm, kaffi smakar groteskt, og eg må jo i allefall late som om eg er vaksen, sånn som 5% av klassen min. Idag kjøpte eg tillegg ei AVIS, så eg såg jo ut som ein 40 åring. Det var ganske kult. No høyrer eg på My iron lung, og det er ganske så kult og. Nåke som er ganske så ukult, det er at eg skal på jobb frå klokka 14.00 - 20.00 imorra. Med andre ord, så kjem alle andre til å ha det supert imorra kveld, medan eg sit heime og sutrar og angrar på at eg ikkje lagde ein avtale.


berre for å illustrere kor kul eg er, på en måte. pølsesmil er forresten dritdeilig.

fredag 17. april 2009

eg er litt sjokkert over kor lett folk kan reise på ferie med folk dei ikkje kjenner engang.
"man kan jo ikkje reise på ferie med en man ikkje er sammen med!"
"eg har reist på ferie med ei eg ikkje er sammen med. mamma"


no hører eg på killers, og det er fint.
WHEN YOU WERE YOUUUUNG

torsdag 16. april 2009

Eg har gjort det igjen.

Eg har ødelagt endå eit par øyreproppar. Eg kjøpte dei før jul, herregud. Eg skjønnarrrrr ikkje ka det er eg gjer feil! Andre folk brukar dei samme øreproppane dei fekk med sin første iPod for årevis sida den dag i dag, og eg kan love deg at eg har ødelagt rundt 8 par frå eg fekk min første MP3-spelar. I 2008 trur eg at eg ødela 3 eller 4 stk. Og no tenker du selfølgelig, KVIFOR bruka eg ikkje eit par hundrelappar på å kjøpe eit skikkelig headset. Og eg skal jo selfølgelig forklare. Grunnen er simpel, eg elskarrrr å ligge i senga og høyre musikk, og det fungerar dårlig når man har eit svært headsett som klemstrar øyret inn til hodet. Det samme gjelder og selfølgelig når man sitter i bil. MEN! eg har egentlig tatt litt til vettet, og luuurer på å kjøpe AKG K81 DJ eller eit anna frå AKG til ca samme pris. Dei kosta rundt 500 kr på CDON.COM, og det er jo ikkje gale i det heile tatt. Men så er det nåken som meina at dei er litt stramme rundt hodet, og eg har ikkje så god økonomi at eg lett brukar 500 kr på eit headset eg brukar 2 gangarrrr. Tenker at eg skal sjekke rundt i Førde litt først, men eg er skråsikker på at eg kun finner julepynt frå Scullcandy og WeSC, og det er i allefall ikkje det eg skal ha.
Det verste er at eg ikkje har nåken å spør heller! I klassen min høyrer man musikk på youtube, eller frå Scullcandy-headset med pels på (det finst jo nåken av den fornuftige sorten, men dei har sånne headset som man får med eit rart spel om verdensrommet).

No skal eg høyre litt på Rooney trur eg, for å mimre litt. Jessica har begynt å høyre på dei, og når eg såg kass sanga ho hadde på iPoden, så måtte eg smile litt. Det er nemlig AKKURAT dei samme sangane eg høyrte på når eg var hekta. Det er så kjekt med sånt.
Nåke som ikkje er like kjekt, det er at vi skal ha styrketrenings-test i gymmen imorra, og det inkluderar push-ups. Istad prøvde eg å ta nåken, og eg trur eg klarte 7. Det betyr 1(?), og eg veit ikkje om eg gjorde det skikkelig engang.

ANYROAD, kos dykk. Og eg har iallefall ikkje fått the bends.

onsdag 15. april 2009

So young and so handsome!!!!


Detta flotte, gjevande og ikkje minst romantiske biletet fann eg på min ven Bjørnen.. eg meinte Jessica sin blogg. Ho som lignar på The Ring-dama, veit du!
Uansett, idag har eg store, kanskje til og med enorme, planar. Eg skal nemlig ta meg ein strrrrrrååålandes tur til Viesenter, der eg skal kjøpe meg ein iskrem. På ein ONSDAG!
Ellers fekk eg litt abstinensar istad, og eg fekk lyst å vere UTE! Eg førrrrr fæææn, ute. Åt til og med lunsjen min ute, men eg var egentlig meir opptatt av å prate om tjukt og tynt.
Ellers, så skal eg ha med meg Monica på tur idag. Guro kan ta ein avslappingsdag. Eg tippar vi skal opp i vieåsen, for eg er ganske sikker på at Monica likar seg i vieåsen. Spesielt med den haugen der vi.. drit i. Kan jo sei at vi ikkje hadde så lyst å gå på do der vi var rett før. Kjekt!!!!
No skal eg sjekke temperaturen på det flotte prosjektet eg og Helene har laga. Forresten, først må eg gjere naturfag. Eg griner av naturfag. Eg hatarrr naturfag.
Skamfint. LOVE TI LZINM.1!!§! kso og klemz<<<<333

tirsdag 14. april 2009

Slå den du!

Eg hadde faktisk Twitter 22 juni 2007! Først NO kjem alle andre etter, det er ei skam.

Idioteque av Radiohead er forresten fantastisk.

I'll give you something to be sad about.



Då var man tilbake til skule, og ikkje minst tilbake i Førde. Eg har vore vekke ca heile ferien, men det har egentlig vore greit. Då har eg nemlig sluppe å sitte inne konstant og lure på ka eg skal finne på. Eg har i tillegg vore masse ute, nåke eg til vanlig mislika, men det var greit sida eg stod på slalom/langrenn. No må du ikkje tru at eg har begynt å like langrenn då, sjølvsagt. Det hadde jo vore ei skam!
I dag hadde vi tentamen og, det var egentlig greit. Då var man ferdig med den, for å sjå på positivt på det. Etter at eg var ferdig, klokka 11, stakk vi ein heil gjeng til sentrum og åt is. Det var fint.

No er eg kvalm etter sjokolade, og skal vel straks ete middag. Først skal eg sjekke ut litt forskjellig musikk på Spotify, først og fremst The New Pornographers og The Shins. Du burde virkelig høyre The spirit of giving. Og selfølgelig Sleeping lessons.
Forresten! Her er en sang som er litt Helene-og-Guro-musikk-liknande, Hellogoodbye med Baby it's fact. Lurer på om den var klisje-kvalm, eller kanskje berre søt? Eg stemmer egentlig for det første.

Hey, hey, hey, hey, HEY

ditta innlegget skreiv eg altså 12 april, men det blei av en merkelig grunn ikkje sendt.

Har eg forresten minna dåke på å høyre Bloc Party med She's hearing voices? Eg har lyst til å danse rart.

(idag stod eg på langrenn og åt ei pølse. Fortjenarrrr premie for å gjere dei to tinga eg mislikarrr mest)

onsdag 8. april 2009

Då reiser eg vekk att, denne gongen til Tyen. Er ikkje heilt sikker på når eg kjem heim att, men håpar at det er før mandag i allefall.

I mellomtida, høyr:
M83 - Graveyard girl
Sigur Rós - Glósóli
CSS - Alala
CSS - Let's make love and listen to death from above

har du ca 1000 kr til overs?


Min favoritt frå HM sitt samarbeid med Matthew Williams.
Åh, kordan kan den bli min?

tirsdag 7. april 2009

mandag 6. april 2009

lassen mich reisen um Deutchland, jetzt

.. oder etwas

There is a wall, that runs right trough me. just like the city, I will never be joined.



KreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzberg
KreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzberg
KreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzberg
KreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzberg
KreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzberg
KreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzberg
KreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzberg
KreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzberg
KreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzbergKreuzberg

oh wow


Notte Sento (English subtitles) from napdan on Vimeo.

hatsjo

Då var man tilbake i Førde. Som du kanskje har sett, så har eg skreve eit par ekstremt usaklige innlegg dei siste kveldane, og grunnen er forsåvidt enkel, der og då var sitata ekstremt morsomme.
Hemsedal inneholdt det meste ein skikkelig påsketur skal inneholde, inkludert 3 kjekke jenter som gjorde turen endå bedre. VEIRET(spy) var flott, og hytta endå flottare. Trur dessverre eg har fått litt farge, men den forsvinner nok like fort som påskefølelsen. Diskusjonane har vore mange, og vi har funne ut av mykje lurt. Inkludert ca 1000 grunnar til å vere evig singel, forskjell på bart og mustasje and so on.

Akkurat no sitter tusenvis av jenter og guttar klistra til skjermane, kun for å sjå verdas kjedeligaste tv-program. Ja, selfølgelig snakkarrr eg om Paradise hotel. Er det berre eg som syns det er så ekstremt kjedelig? Hallo, kvar einaste dag heile veka, snakka ca alle jentene i klassen om kor forferdelig det var at han kom inn igjen, ho gikk ut etc. Eg er så drittlei. Det er AKKURAT det samme som skjedde på paradise hotel i sommar, berre at dei då snakka dansk, det var mindre sex og horete jenter, og at guttane hadde brunt hår i stedet for gult. Det var jo ti ganga bedre.

Uansett, no skal eg ete mitt 3 grønne eple på eit par timar og sjå vidare på Skins. I mellomtida skal eg selfølgelig hoste, harke og nyse, nåke eg har gjort heile helga.

søndag 5. april 2009

Dagens beskrivelse

Eg føler at haka mi går i et med rassen.

(anynom)

Posted by ShoZu

Dagens sitat

Eg skal aldri ha et solid forhold, men eg tør ikkje å slå opp heller då.

(monica)

Posted by ShoZu

Dagens personbeskrivelse

Ho er jo grei og sånt, men ho ser jo ikkje ut.

(marita)

Posted by ShoZu

Dagens spørsmål

Om han er den rette for deg, kiler en mustasje?

Posted by ShoZu

fredag 3. april 2009

cassie

oh wow, lovely

avgang

er det ingen som kan invitere meg til/på Spotify? orka i allefall ikkje å betale 99 kr i månaden, eg har visst nok av andre ting å betale!

uansett, no bære det av stad til Hemsedal. Eg er rein og fin, og eg luktar jordbær. Har en lang busstur framfor meg, men eg har lada både iPod og mobil, så eg trur eg er klar. No trenge eg berre å sminke meg, synkronisere iPoden og handle inn litt forskjelligt, så er man klar.
Blir forresten glad for en kåzlih påzkeh mehøldinghfh (koselig påske melding).

onsdag 1. april 2009

Vil du sjå nåke fint? OK

Sjekk HER. Enjoy!




No skal eg sjå episode 5 ferdig(kan ta ekstremt lang tid..) før eg øva geografi resten av kvelden .. I allefall til Ugly Betty begynner.

tirsdag 31. mars 2009

hairdo?


(christinafraas.com)





den altså ->

Eg har litt lyst på kort hår igjen!

Do you really enjoy living a life that's so hateful?


.. yes, I do.

Istad satt eg og såg på bilder på lifebyida, og eg får så sinnsjukt lyst til å reise til London av alle london-bildene hennas. Eg har lyst å spare opp alle pengane eg tjena, også bruke dei opp på 2-3 daga i London. Er det virkelig ingen som skal til London i løpet av våren, og som har lyst å ta med seg ei stakkars jente med en altfor utdatert garderobe?



.. eg (og) vil på selfridges og kjøpe et kilo Jellybeans!!!

Ssklurlen

Eg er på skulen og eg skriver selfølgelig ei filmmelding om Mannen som elsket Yngve. Koselig det, om eg berre ikkje hadde hatt skrivesperre.

Kan jo fortelle at eg gleda meg veldig til påskeferie no. Kun.. (ja, eg teller på fingrane) 3 daga igjen no! Null jobb og null stress i over ei veke. Reiser på fredag til Hemsedal med 3 fine jenter og er nok heime i løpet av mandag en gang. På onsdag reiser eg vidare til Tyen med mine to søstre og mange fleire, er der sikkert i ei halv evighet. Med andre ord til lørdag eller søndag.


No er eg skikkelig varm og eg har litt angst for at andre eleva skal sjå ka eg skriver. Begynner vel å hoste snart, sånn som eg alltid gjer når eg blir stressa. F.eks i natt når eg våkna rundt kl 2 og ikkje klarte å sovne igjen. Hørtest ut som en rabiat chihuahua.

Skal ta igjen for søvnen når eg kjem heim då. Etter en liten lur blir det Seinfeld, middag og kanskje Skins eller Gossip girl. Me liekz. Skal sjølvsagt lese geografi i dag og, eg er jo en respektabel elev!

Ang. Skins, eg såg nemlig første episode i går, han Tony er søt! Så søt at eg måtte ta med meg pc'n i senga og sjå ferdig dei 40 minutta av episoden som var igjen, etter at eg hadde innsett kor fin han var.


lørdag 28. mars 2009

Jentekveld hos Renate


Hadde det superkos igår kveld, men var litt deppa sida eg har bore sjuk/slapp heile veka.. Anyways, må gjentast!

Posted by ShoZu

tirsdag 24. mars 2009

kjedelig

Trudde aldri eg skulle sei det men, eg vil på skulen igjen! Det er kjedelig å sitte heime, det er kjedelig å sjå på TV, kjedelig å sove, kjedelig å sjå på film, det er til og med kjedelig å ete, det er kjedelig å drikke, det er kjedelig å høyre på musikk, det er kjedelig å ta et bad, det er kjedelig å ligge på sofaen, det er kjedelig å få meldinga, det er kjedelig å snakke i telefonen. Eg skal aldri bli sjuk igjen, frå no av skal eg innta C-vitamina og alt det derre sunne greiene.
Har forresten lyst å spille GTA 3, på data ofc.

søndag 22. mars 2009

Fin hand.


Min nye kjærleik, iPhone! Gjett kem som har fått seg ein? Eg, seffeern. Den er svart, full av fingeravtrykk og ikkje minst søt. Eg syns alltid at sånne tekniske ting er søte. F.eks dataen min, iPoden min og no mobilen min. Teknofil. Neida.. joda.
Når eg vakna i dag tidelig rundt 9(har gjort det kvar dag dinna helga..) greip eg selfølgelig tak i den, og sammen las vi på FML, facebook og div blogga i 2 tima. I strekk.
Fekk den i går rundt kl 12 og eg har lada den halvveis 2 ganga! Jiz Sunniva.
Alt eg kan sei er at eg er forelska, inderlig forelska. Og eg blir glad kvar gang eg tenker på den :-)

Litt negativt er det jo sjølvsagt å fortelle! Sida fredag har eg hatt problem med å gå, fordi eg blei påkjørt av ein bil når eg gikk til skulen.. eller, det følest sånn. Det som skjedde var vel egentlig at eg jogga i gymmen + intervalla, og sida trening ikkje er heilt meg, så har eg vore halvveis lamma sida. Fredagen var superstress ellers og. Når eg kom heim frå skulen måtte eg skrive ein heil tekst om egyptera, rydde og fikse meg. Klokka sju skulle eg nemlig ha jentekveld her heime hos meg, og her er jo det ca alltid rotete. Jentekvelden blei alikavell vellykka, og eg koste meg kjempemasse. Dumt at Marita, Beate og Renate ikkje kunne komme, og at andre kom så seint, men anyroad hadde eg det supert!
Håpa på en bursdagsfeiring neste helg.. hint hint Linn!

Igår var eg hos Guro og, og eg tok bussen både ned og opp igjen. Eg er ikkje så glad i sånt, eg grua meg alltid når eg står der og venta, men etterpå føler eg meg tøff. Virkelig tøff!
Hadde det kos hos Guro, vi såg en film eg ikkje tør å sei navnet på engang, og Guro fekk for første gang auga opp for Google maps.
Vel heime las eg i Twilight bok nr 3, Eclipse, men det var kjedelig. Bøkene har nemlig begynt å handle mindre og mindre om Bella + Edward, meir om kun Bella og andre varulva og vampyra. Irriterande.

Når eg først var i gang, så kan eg jo fortelle om dagen i dag og. Har kjørt bil(eg var kjempeflink), baka muffins(eg var kjempeflink), vore på biltur(eg var kjempesnill) og snart skal eg gjere spansk-leksa før min hemmelige tv-kveld begynner. Vil du sjå kveldens agenda? OK
20.00 - The city
20.25 - Wipeout eller "Hjelp jeg er med i et japansk gameshow"
21.15 Nip/Tuck.

Lovelovelove

onsdag 18. mars 2009

mandag 16. mars 2009

I'm..




I'm disinclined
to acquiesce
to your request







søndag 15. mars 2009

utfordring, faktisk.




(er dei ikkje søøte?)

Regler: Det er vanskeligere enn det ser ut! Kopier til ditt eget notat, slett mine svar og legg til dine. Bruk den første bokstaven i navnet ditt når du svarer på alle spørsmålene. Gi ordentlige svar, ikke dikt! Hvis personen før deg har samme bokstav, så må du gi et annet svar. Du kan ikke bruke samme ordet to ganger. Utfordre 3 venner.

1. Hva er navnet ditt: Sunniva
2. Ord på fire bokstaver: Snus
3. Guttenavn: Sander
4. Jentenavn: Stine
5. Et yrke: Sivilingeniør
6. Farge: Svart
7. Noe du har på deg: Strømper
8. Mat: Sjokolade
9. Noe på badet: Såpe
10. Et sted: Stavanger
11. Grunn til å komme for seint: Søvn
12. Noe du roper: Stopp!
13. Film tittel: Superman returns
14. Noe du kan drikke: Sprit
15. En musikkgruppe: (the) Shins
16. Et dyr: Sel
17. Gatenavn: Slåttereina
18. Bilmerke: Subaru
19. Sang tittel: Sex on fire
20. Et verb: Synge

tirsdag 10. mars 2009

Gjett kass del av pizzaen eg åt?


Eg vil ha endå ein sånn lørdag, men inkludert Guro :-)

mandag 9. mars 2009

new moon!



Idag har eg endelig fått begynt på New Moon boka. Eg har kun lest 54 sider, men eg er heilt inni den. Og eg leser den til og med på engelsk, har ikkje ord for kor mange ganga mamma har sagt: det er jo sikkert smart. Smart, å lese den på engelsk altså.
Forresten, Bella har bursdag den 13 september, og kem andre har bursdag då?
AnyROAD, eg har prøvd å lese norsk i dag og, men eg berre ser bort på den andre boka, og MÅ lese i den istedet. Eg kjenner at hodet mitt kjem til å dundre igjen no, men eg kan ikkje sove meir. Sov i ca 45 min på sofaen i stad, og visst eg sover meir, så klarer eg aldri å legge meg i kveld. Trur eg skal lese litt meir eg, ehe.


.. åh eg hata virkelig klesstilen til Bella!

søndag 8. mars 2009

Travel as I wait




endelig!! har eg funne ut kass sang som er på Nelly.com reklamen. åååh

allein allein

Hodet mitt dundra og eg slite med å halde auga opne. Eg har seriøst ikkje gjort nåketing idag. Kom heim ca klokka halv 2, og etter det har eg sove, tatt et bad og sett på tv. Eg hata virkelig sånne daga, for det einaste eg har lyst til er å gjere nåke gøy, når eg ikkje kan det.
Klokka er straks kvart på 10, men eg trur eg legger meg no, for det er ingenting bra på tv eller nåke. ÅH! Søndagen burde vert stappfult av alt mulig kjekt, mange filma på kino, mange filma på tv, bra tv-program og stygt vær. Eg hata sol, og i følge er det visstnok masse av den i Mars.

Ellers, eg og Monica (Marita sov..) snakka om at vi ville besøke Guro i høstferien, det hadde berre vore utrulig kjekt! Då må eg bruke alle pengane eg har tjent på flybillett, men det blir egentlig ikkje nåke problem, ka er vel bedre enn en Usa-tur?
eg har forresten sunge på allein allein av polarkreis 18 i HEILE dag, herreguud.


i <3 google

fredag 6. mars 2009

Helene.. Og andre fine ting.


Nei, ho har berre en mild form for cp. Søta.

torsdag 5. mars 2009

festen

en dag skal eg vise dåke nåken KULE(nei, ikkje gule men blå) bilder eg tok av MEGSJØL endag. Og pass deg bitch, eg veit at du, du og DU tar bilder av deg sjøl heile tida og. Kanskje ikkje så rart, i og med alle kule folk har Photobooth eller sånn program som Vanessa har på sin datamaskin.
bilda er dritkule, og eg lo masse av meg sjøl. Verste er at eg KUN brukte min pus, altså speilrefleksen min, jee.

Now you and you, come on! le-le-lets take it to the next level, lets all go to the hotel pool as we finish the bottle. maybe kiss and dont tell, its the rule around heere.

gjett kass sang? ehe.

mamamoah

Er eg den einaste som får lyst å grine når det kjem sånn HØG musikk på dataen, når du ikkje er forberedt? Det er ikkje det at eg blir trist eller nåke, eg får berre klump i halsen og sånn. Merkelig.
No var det forresten Genesis som begynte, og den er jo dritskummel i begynnelsen. I morra, i midttimen ser eg for meg at eg, Helene og kanskje Malene dansar feite-dansen til den. Håpa forresten at Siri Anne(med stavangerspråk) kjem inn og ser meg.. vel.. danse fint. Ang. feit, åh eg gleda meg til å bli 98 kg, så bli gravid og bli 159 kg!!! Det skal bli digg.

Ellers, så hadde vi naturfagprøve i dag, eg hadde jo ofc ikkje øvd. Istedet tok eg med meg 5(!!!!!) buketta heim frå jobb i dag, oh yes. Roses really smell like poo-ooh. Mamma og pappa blei ikkje glade, berre stressa. No tenker eg at eg hiver meg i senga.

Forresten, mamma kom inn og spurte om eg hadde kledd meg opp. Kan vel forsåvidt sei at eg sitter her i strømpis, hotpants og ein svart tynn genser. Joda, mamsen er fashionista ho og!

Forresten 2, visst du skal handle smågodt på Coop Extra, så er det EG!!! som har fylt i. Prestasjon, til tusen. Det er derfor det ser så fint ut, eg har nemlig lagt sjel i arbeidet. Så masse sjel at eg brukte ca 3 tima på det.. og eg blei ikkje halvferdig engang.

GOD NATT ZØIZTUEER <33 kisses ån ju all. XOXOXOXOOXOXOXOX
det blei for dumt..

mandag 2. mars 2009

neida, såee..

joda, dinna dagen skulle eg vere smart og lese naturfag. For å sei det på den måten. Vi har gossip girl, sesong 1 heime, og den har nok dessverre førsteprioritet. Sammen med senga mi då.
Anyways, eg har gjort masse andre saklige ting og, eg har nemlig skrivd ned ei liste over alle bloggane eg leser, oh yes. Det blei 41 stk, men eg veit at det er meir eg leser og.. Er ikkje sunt ditta blogghysteriet, men jævlig skoy!

istad fortalte eg til mamma om min lille hypokonder periode, eheh. Ho syns at eg burde reise til legen, men det nekta eg selfølgelig. Eg akta å leve fult ut, og heller dø på en buss, på vei til.. vieåsen! heller det enn å bli innlagt og dø stygg og usminka i ei ekkel seng. Her er lista over sjukdomma eg er 27% sikker på at eg har no:
- Beinmargskreft
- Leukemi
- Hjernesvulst
- Leddgikt i: ankel, kne, fingra, armledd
- Ødelagt rygg
- Overbelasta kne
- store mandla(?) opphovna mandla kanskje?

men det går fint altså.


sånn føler eg meg no. "ååee, hjelp meeg"

søndag 1. mars 2009

It's a crazy situation, but all I need is cigarettes & alcohol

.. vel, alkohol i allefall. Litt dumt at eg ikkje har tenkt på det før idag, en søndag. Håpa at eg får meg en tur ut neste helg, virkelig. Eg har så lyst å glømme alt, berre for en kveld.

Har vore ei fin helg. Fredag var ca drittkjedelig, lørdag var fint. Eg og Guro var så voksne at vi åt på Deli Vita. Oh yes. Vi gjorde egentlig ingenting, men eg fekk kjøpt meg to ting. Converse og en college-jakke, frå HM MANN. Når eg sa MANN, så tenkte eg forresten på et.. vel fint program eg såg på fredag. Verdens mest sexy menn, gjevande. Nr 1 blei selfølgelig David Beckham, ingen overraskelse. Men det som sjokkerte meg, var alle dei andre folka som eg ALDRI i mitt liv har sett før, dei var virkelig rare. Men det var greit det og, eg måtte jo berre sjå.
Tilbake til lørdag, om kvelden var eg hos Gurthi, og vi såg faktisk på Disney Channel og spelte Fifa. Er usikker på ka den "harde-suppa" gjorde mot oss, men vilt var det.

No har eg ingenting å skrive. Virkelig ingenting, anna enn at eg ikkje har penga lengre. Eg er pengelaus. For første gang på.. (teller på fingrane) 9 mnd! Det er ganske bra det. Med andre ord har eg ikkje råd til en frisørtime, sjøl om eg har ettervekst til øra og "ihjeltogge" hår. Eg gleda meg til 10 og 11 mars. Jaaa.